Språkleg løft for UiO!

Som Noregs største og leiande universitet, er det viktig at studentar frå heile lande kjenner seg velkomne og verdsette ved Universitetet i Oslo (UiO). Dette må sjølvsagt også gjelda nynorskstudenten.

Eksamensoppgåver

Som fastslått i Forskrift om målform i eksamensoppgåver §2 skal eksamensoppgåver gitt på norsk mål liggja føre på begge målformer. Dette er ofte ikkje tilfellet ved Universitetet i Oslo, eller så er nynorskutgåva så dårleg omsett at ho er ubrukeleg for kandidaten. At UiO skal laga to- eller fleirspråklege eksamenssett, med nynorsk, bokmål og ev. engelsk, framgår av seg sjølv av forskrifta, og er noko me forventar at UiO sørger for utan vidare. I tillegg meiner Studentparlamentet at UiO må imøtekoma alle kandidatar, uavhengig av språk, ved å ta grep for å kvalitetssikra språket i begge oppgåvesetta. Dette kan løysast ved å la ein andre part med betre kjennskap til den aktuelle målforma sjå over eksamenssettet der faglærar ikkje har tilstrekkelege språklege kunnskapar. I tillegg meiner me UiO i større grad bør nytta språkkløyvde eksamenssett eller tillata at kandidaten har tilgang på eksamenssett på begge målformene under eksamen, slik at kandidaten kan konsultera den andre målforma der han eller ho er ukjent med terminologien i si eiga eller der omsettinga er utilstrekkeleg.

Terminologi

UiO har eit nasjonalt ansvar for å vedlikehalda og utvikla terminologi på norsk, slik det er lovfest i Universitets- og høyskolelova §1-7, både i nynorsk og bokmål. Det same er òg fastslått i fyrste punkt i «Språkpolitiske retningslinjer for Universitetet i Oslo» frå 2010: «Språkpolitkken ved Universitetet i Oslo skal utformes slik at den ivaretar og utvikler bruk av norsk språk og fagterminologi». Seinare i dei same retningslinjene, står det at «studenter forventes å kjenne til og kunne bruke fagspråk både på norsk og engelsk, eller annet fremmedspråk.» Me reknar med at ansvaret for dette ikkje utelukkande er tiltenkt studentane, og håpar at grep blir tatt for å gjera norsk fagspråk tilgjengeleg, gjennom førelesarar og pensum- og støttelitteratur på norsk.

Mållova

UiO har gjentatte år fått refs av Språkrådet for å bryta Lov om målbruk i offentleg teneste («Mållova»). Me er glade for at UiO har iverksett ein «Tiltaksplan for bruk av nynorsk på nett», men skulle ynskja at ein hadde hatt eit meir ambisiøst mål enn å følgja lova etter 2015.

Fråsegn vedteken av Studentparlamentet 14. februar 2013.

Publisert 18. juni 2013 11:07 - Sist endret 18. juni 2013 11:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere