Praksis for studentar ved UiO

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo ynskjer at studentar i større grad enn i dag skal ha høve til praksis som ein del av utdanninga si.

Praksis vil gi studentane ein unik moglegheit til å praktisera kunnskapen og ferdigheitane ein har tileigna seg gjennom studiet. I tillegg gir det studentane erfaring og det bidrar til å styrkje banda mellom universitetet og samfunnet rundt. Studentane vil vidareutvikle ferdigheiter i å ta i bruk kunnskap, analysere situasjonar og løyse problemstillingar og case.

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo ynskjer ei pilotordning med høve til praksis for bachelorgradstudentar.

Praksisen og rapporten bør godkjennes av ein sensor og kontaklærar. Dei vurderar det som anten godkjent eller ikkje godkjent.

Praksisen må vere relevant for studentane sine fagområder. Samstundes bør det vere eit mangfaldig tilbod slik at studentane har fleire val. Såleis kan studentane velge relevant praksis etter fagleg interesse.

Ordninga må kvalitetssikrast og med jamne mellomrom evaluerast av student, lærestad og arbeidsgjevar.
 

Vedtatt av Studentparlamentet 16. februar 2012

 

Publisert 28. feb. 2012 15:36 - Sist endret 28. feb. 2012 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere